Skulle eigentleg poste i gaar kveld, men maskina var oppteken...Vel, i gaar var det rundtur i Memphis, for aa bivaane ting av baade historisk og meir perifer interesse. Ein ting er i alle fall sikkert: vi ser ein del hus og bygningar paa denne turen...
Det beste var i grunnen Lauderdale Courts (der familien Presley budde daa dei flytta fraa Tupelo til Memphis) og Humes High School (der Elvis gjekk paa skule). Ikkje saa mykje paa grunn av bygningane, men mest paa grunn av historiene som er knytta til dei (om korleis Elvisen var ein hakkekylling og det vi i dag ville kalle eit mobbeoffer daa han vaks opp). Alt er historier som vi visste ifraa for. Men det er rart med det: her i Memphis faar dei karakter av eventyr. Sett slik at vi som oppsoker desse stadene nesten er som barn, som vil hoyre dei samme historiene om igjen og om igjen.
Og saa var det Sun Studio daa, sjolvsagt. Eg har aldri vore noko til Elvis paa 50-talet-fan, men dette var ein sober og sublim rundtur i eitt av verdas mest beromte platestudio. Her er det historie i kvar einaste flis i veggane, og det kjennest nesten som om det framleis ligg eit ekko der etter alt desse veggene har hoyrt...Men vi maa gje eit hardt spark i leggen til deler av reisefolget vaart. Dei forstaar ikkje engelsk, eller amerikansk, det er sikkert. Under omvisninga i Sun begynte fleire aa prate hogt medan guiden holdt paa. Han ber dei om aa vere stille. Dei fortsetter med maset (paa dansk). Mari blir irritert, ho er tross alt bibliotekar (I'm a librarian! Don't make me shush your ass!), gaar bort og gjer dei merksame paa at guiden ber dei om aa vere stille (eller som guiden sa: "Please help me out here, you ladies in the back") kor dama svarer: "Hvorfor det?"... Ja, kva i all verda skal ein seie? Kan nokon i det heile tatt hjelpe? Er det haap?
Haap, tru og kjaerleik var det derimot i overflod paa kvelden, daa vi overvar "Candlelight Vigil". Vi tente lys, sveitta i varmen, song med paa allsong av If I Can Dream, sveitta i varmen, lytta til preika i forkant, sveitta i varmen, gret ein liten skvett, sveitta i varmen...men vi gjekk ikkje...dette starta klokka ni i gaar kveld, og koen inn til Graceland er enno ikkje over...no snart tolv timar etterpaa. Paa Candlelight Vigil var vi ogsaa vitne til det som maa vere verdas beste Elvis-imitator...Elvis junior...sorry Kjell Elvis, men der har du ikkje sjangs... Elvis junior gjorde det nett slik det skal gjerast: ikkje som om du er Elvis, men som om Elvis er deg...RESPECT til Elvis junior...han gav oss frysningar i varmen...
Varmen, ja...Mari seier at aa smelte isbitar nedetter brysta slett ikkje er aa forakte
Vel nede att paa hotellet paa kvelden: kven andre enn TCB-band-bassist Jerry Scheff sitter der og kosar seg, og er elskverdigheten sjolv naar eg spor om han kan stille opp paa eit bilete...:-)
Ja, det er eit eventyr, dette.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ang å stoppe plapredamer, er måten Bell i Ikke et land for.. gjer det på ganske tøff, synst eg.Han stopper kjeften til ei klagande, litt for liberal bestemor,som snakker om abortretten til ei datterdatter. Dama sit tilfeldigvis i stolen ved sida av Bell på eit kristenmøte. " .. Jeg vil si det så sterkt som at ikke bare vil hun få rett til å ta abort, hun vil få rett til å gi aktiv dødshjelp til bestemora si og. Da ble det brått slutt på samtalen skal jeg si deg."
Fy søren for en tur dere er på! Innser at det å komme til Elvis-land er noe helt spesielt. Men vær forsiktig nå som dere legger turen til Hawaii. Det blåser visst kokosnøtter og annet ruskeri der borte for tiden. Kanskje en idé å holde seg innendørs - i bungalowen! Uansett, å lande på Stillehavsøya må jo være som å komme heim for Stig-Elvis!
Jeg sa smelte isbiter nedover NAKKEN, din gjok... :-)
Legg inn en kommentar