lørdag 18. august 2007

Memphis Boys

I gaar var det dessutan tid for den siste konserten paa turen. Turarrangoren vaar hadde samla saman 69-bandet til Elvis, som ogsaa spelte paa platene til storrelsar som Aretha Franklin, Dusty Springfield, Box Tops, Neil Diamond...ja, ein kunne eigentleg ramsa opp all sorstatssoul...
Langt ute i ein bydel som heitte Germantown var det lina opp med gjestevokalistar som baade gjorde ein beinframt elendig (Nancy Black, dottera til Elvis bassist paa 50-talet Bill Black), god (Pam & Terry, lokal Memphisduo), imponerande (Martin Jansen, hollandsk Elvisimitator), autentisk (Mark James) og formidabel (BJ Thomas) innsats. Bandet ser imponerande unge ut, og det let saa tidlaust som ein kan og skal forvente av desse gutane. Idet konserten nett var starta var det som om vi drog kjensel paa ei svart dame som sette seg paa seterada nedanfor oss. Og under konserten ser vi kven det er: Estelle Brown fraa Sweet Inspirations sitter der og nesten dirigerer kor og orkester, korar med og er berre saa down home sweet and pleasent som eit medlem av Elvis korgruppe kan bli. Autografar blir sikra, vaer sikker. Etterpaa treffer vi Glen Hardin backstage og det er ny helse- og autografrunde. Han er visst slutta aa drikke, saa det var saavidt eg kjente han igjen...han er blitt SVAERT tynn....:-)

Ingen kommentarer: