Ei av dei betre av mange gode historier om Elvisen handlar om den gongen han og Mafiaen sat paa Graceland ein sein kvelds- eller nattetime og diskuterte gode smorbrod. Elvisen kom daa paa at han hadde smakt nokon fantastiske sandwichar i Denver, kor han prompte gav beskjed om at Lisa Marie (flyet hans, for dei uinvidde) maate gjerast klar, for her skulle gjengen til Denver for aa ete sandwichar...hugsar eg ikkje feil var navnet paa denne kulinariske lekkerbiskenen Fools Gold...
Historia kan for oss nordmenn, som kun er vane med kokte poteter til alt, synest baade absurd og i overkant matburlesk. Vel, vi har her paa Hawaii faktisk funne ein plass som gjer at ein forstaar at Elvisen gjerne fauk fraa Memphis til Denver for aa faa seg ein matbit. Rock Island Cafe heiter plassen. Eg meiner eg er godt bevandra i Hamburgerverda, men Jesizz Christ: er det verkeleg muleg aa faa hamburgerar til aa smake saa saftsusande godt som det dei greier der? Eg har aldri opplevd liknande kokkekunstar paa enkel mat. Og ikkje nok med det: sandwichane dei har er av ein karakter som unndrar seg karakteristikkar som er mulege aa faa til med bokstavar paa eit tastatur...Viss eg skal samanlikne med noko, saa maa det bli som aa hoyre Elvisen gjere Bridge Over Troubled Water for forste gong. Overst paa sandwichtrona saa langt tronar den som baerer hedersnavnet Brandos Meatballs. Om den er like god som Denvers Fools Gold? Anar ikkje, men dette skulle Elvisen ha smakt, dersom han hadde vore her... men heyy! Det er han jo. For forutan at dei har verdas beste sandwichar og burgers saa koyrer dei paa denne Cafeen Hawaii-showet nonstop over tv-skjermane. Ho som driver plassen er sjolvsagt hardcore Elvisfan og jagar ut alle gjester som ikkje likar Elvis dersom det er fullt, medan oss som er med i klubben kan faa sitte saaaa leeeengeee vi bare VIL! Tenk! :-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Koser meg med å følge dere på tur.
Nyt livet videre!
Hilsen Anne Kari i Rygge
Legg inn en kommentar