Det er godt under to veker igjen. To veker igjen til vi etter ein vel ni timar lang fyketur mot klokka skal stige ned på den Memphiske landjorda. Den landjorda som er velsigna med å ha bore på den største populærmusikalske vekta etter krigen. Kva som skjedde før krigen er ikkje viktig i dette biletet. Det var først då Elvis Presley (heretter kalt Elvisen) stod fram og fortalde at han song "all kinds" og "sounded like nobody" at det som skjedde tidlegare endeleg fann den form, fasong og farge som musikken fortjente. Som rytmen og bluesen, gospelen, countryen, bluesgrassen, westernwaltzen, popen, torchsongen etcetcetc fortjente.
Det er godt under to veker igjen. To veker igjen til vi etter ein vel ni timar lang flytur mot klokka skal stige inn i det som var Elvisen sin heim.
At vi reiser mot klokka er eit poeng i seg sjølv. For på flyreisa vinner vi tida. Vi går tilbake. Og vi skal tilbake til 16. august 1977. Eg skal ikkje kjede bloggen med å fortelle kor eg var og korleis eg reagerte på dødsbodskapen. De som kjenner meg har høyrt det meste før der...
Men likevel: vi skal reise tilbake til den dagen, og vi skal reise forbi den. Stige inn i det rommet som ligg bortanfor 16. august 1977. I det rommet betyr eigentleg ikkje tida noko. Det einaste som tel er musikken. Og den stemma som framfører den. Tolkar den.
Blant mange forventningar til turen, er det ei som stikk seg fram: at Elvisen i Memphis denne veka er meir levande enn han var nokon gong. Og eg trur det er difor dødsdagen har så mykje meir tiltrekkingskraft enn fødselsdagen i januar (Memphis i januar er jo reint klimatisk ein heilt anna ting enn Memphis august...): fordi den viser fram potensialet i det å stå opp att. Sjølvsagt. Men også fordi den evna vi menneske har til å leve oss inn i dramaet som utspant seg på Graceland denne varme dagen for tredve år sidan blir tydeleg.
Fordi han her stiger fram for oss som den han var inst inne: artist i kvar pore og i kvar blodråpe som hjartet med den blåsvarte sjela pumpa rundt i denne kroppen.
Og til sjuande og sist: fordi vi viser fram for han, kor han enn måtte vere, at han slett ikkje var åleine då det jordiske livet tok slutt den ettermiddagen for tredve år sidan.
Kongen er død! Kongen lever!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
hoi hoi....kos dåkkar i amerika, og måtte brann tygge rosenborg og spytte de ut igjen
Hei begge to!
Har lest deres første brev. At dere er trætte- skjønner det godt!
Tenker på når jeg kommer til Austr og skal på folkedans samme kvelden jeg ankommer!!!
Er på Hamar. Skal danse på Odden i dag. Det regner. Vi får se!
Ha det hyggelig begge to. Masse spennende venter dere. Skal bli flott å høre fra dere igjen.
Klem fra Pappa/Bjørn.
Legg inn en kommentar