lørdag 18. august 2007
Wacky Quack
Er det aa skulle sitte i 45 graders varme paa ein kombinert baat og buss, blaasande i ei gult plastnebb som lagar andekvakklyd medan forbipasserande ler noko aa bedrive den siste dagen i Memphis med? Mari meinte det...og eg matte liksom berre henge med...det er ikkje mi greie aa matte svare ein slitsom morsom guide med "It's amazing" paa kommando eller hoyre paa blaute vitsar om gamle heltar fraa borgarkrigen. Men ombord skulle vi, for nesten 20 dollar per person. Vel, turen og guiden kunne vere slik, sikkert dersom vi hadde teke ein anna baat. Men vaar baat og vaar guide var saa kul som berre det. I Elviskappe og solbriller, og med Johnny Cash, Jerry Lee Lewis, Elvis og vintage soul blaasande ut av stereoanlegget tok han oss med paa ein svaert underholdande rundtur i Memphis og ut paa Mississippi...vi koyrte til og med forbi bandbussen til Willie Nelson, som skal spele i Overton Park i kveld (aarrrggghhh!!!! vil ikkje, vil ikkje, vil ikkje dra fraa Memphis!!!! vi vil bu her!!!! Ylva! Du kan seie kva du vil! :-) ).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar