Elvis in Concert: tiaarsjubileum paa tredveaarsdagen for Elvis dod. Over 18000 menneske har benka seg i den store konsertsalen. Det kunne berre vore saa fantastisk bra, og saa greier produsentane aa rote det til for halve showet er gaatt. La oss ta det fraa byrjinga. For det startar fullt og heilt med den hypnosen som dette showet krever for at det skal fungere. Vi ser Elvis paa Graceland, der han forebur seg til kvelden. Vi ser Memphis-mafiamedlemmer hjelper han med jumpsuiten, gir han dei siste oppmuntrande orda. Vi ser Elvis ta paa seg ringar paa fingrane. Vi ser Elvis gaa gjennom Graceland, og ut paa plenen der eit helikopter ventar. Vi ser han sjaa Fedex Auditorium ("Man, that's a big building") fraa lufta, lande paa taket. Og vi ser han forsyne meg komme paa scena, i saa levande live som eit hologram greier aa faa han. Det er magisk. Det er vakkert. Og det er Elvis. In his prime. Slik vi hugsar han fraa Aloha From Hawaii. Og det gaar verkeleg an aa tru at han er i bygningen. Men saa, fem-seks songar inn i showet er det vel, saa skjer det ubegripelege: braat og naermast voldeleg gaar ein over til aa vise Elvis fraa 50-talet!!! Ja, ein gjer eit komplett umuleg sprang, og illusjonen er broten. Det er til aa grine av.
Men to timar etter at dette var avslutta, var det ny konsert. Samme konsept, men no med heile That's the Way It Is, som jo er ein heil konsert, og DET blir ei heilt anna pakke. Der funkar det som ville helvete, og det er ogsaa berre blodfans igjen i salen. Kjaere Elvis Presley Enterprises! Det skal ikkje saa mykje til! Det er nok aa gje oss Elvis.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei Stig Elvis,
Sitter og ser på youtube "An American Trilogy" fra Aloha konserten. Får gåsehud ned ryggen når Elvis drar på.
Skjønner at jeg bør ta en tur til Graceland fra det dere skriver.
Hilsen
Carl Peter
Legg inn en kommentar