Programmet for vår tur i Kongen sine skor ser i skrivande stund slik ut:
-Laurdag 11/8: avreise Oslo på morgonen og ankomst Memphis på ettermiddagen. Fikse opp i ein smule jetlag.
-Søndag 12/8: (første) besøk på Graceland.
-Mandag 13/8: offisiell opning av Elvis-week.
-Tirsdag 14/8: dagstur til Nashville. Vi skal blant anna besøke Studio B (der Elvis spelte inn sine mest berømte 60-talshits) og huset til ein psykopat. Gjett kven…
-Onsdag 15/8: rundtur i Memphis. På kvelden og natta blir den årlege ”Candlelight Vigil” gjennomført. Det blir nok seint…
-Torsdag 16/8: Tur til Elvis fødeby Tupelo. På kvelden gjenoppstår Elvisen. Storskjermkonserten Elvis In Concert blir framført med TCB-band, Sweet Inspirations…ja, heile gjengen…
Og det er ikkje slutt med det. Elvis hadde gjerne to konsertar på ein kveld. Midnatt blir det storskjermkonsert igjen med alle frå konsertdokumentaren That`s the Way It Is. Billettane til denne var dobbelt så dyre via reiseoperatøren som på nettet…
-Fredag 17/8: Konsert med gjengen frå Memphis 69-innspelingane, så her blir det Southern Soul ala Elvisen. BJ Thomas skal visst vere hovudvokalist. Er litt spent her, for konserten står ikkje på det offisielle programmet for Elvis-week. Tony Joe White hadde vore ein draum i denne settinga. Men Jahn Teigen er heldigvis ikkje med.
-Laurdag 18/8: Avreise til Las Vegas på kvelden. Vinner igjen nokon timar.
I Las Vegas er vi tilbydd ein rundtur av reiseoperatøren og eit besøk på Hooverdammen. Men faen, det var Colonel Tom Parker-prisar på den også (over 1000 kroner). Med den fordelaktige dollarkursen fiksar vi glatt ein rundtur på eiga hand når vi er der. Og kven er det som er interessert i å sjå ein demning, anyway?
-Tirsdag 21/8: Avreise til Honolulu.
-Tirsdag 28/8: Avreise heim igjen.
-Torsdag 30/8: Landar på Gardermoen på formiddagen, sannsynlegvis med ei solid tidsforvirring i bagasjen, og nye skjorter frå Lansky Brothers og Hawaii…
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Ein bra skedjul d der, men eg leser ingenting om opptreden av vår eigen Elvis der. Når trør Stig Elvis te i Junaiten?
mvh
jone
Legg inn en kommentar